Dette skjedde på Sunnmøre i natt:

Fleire viste vekk frå sentrum

Politiet melder om hendingar i Ålesund, Volda, Ørsta og Sykkylven natt til laurdag.

Illustrasjonsfoto  Foto: Gorm Kallestad, NTB Scanpix

Nyheter

Like etter midnatt oppsøkte ein politipatrulje to leilegheiter i Ålesund sentrum, etter klage på feststøy. Politiet gav begge stader pålegg om at festdeltakarane dempa seg.

Klokka 00.45 melder politiet om fem personar som krangla og dytta på kvarandre ved Burger King i Ålesund. Alle fem blei vist vekk frå sentrum.

Ti minutt seinare blei ein mann vist vekk frå Ålesund sentrum etter ein episode med ordensuro.

På søre Sunnmøre blei to personar i Volda tatt med narkotika. Dei skal også ha brukt narkotika og blir politimelde for dette.

I Ørsta blei ein ung mann vist bort frå sentrum klokka 02.30, etter ordensuro. Han kom tilbake til Shellstasjonen klokka 03.05 og blir politimeld for ikkje å ha etterkome pålegget frå politiet.

Også i titida fredag kveld blei ein mann vist bort frå Ørsta sentrum for ordensuro. Mannen i 20 åra blir også politimeld for forulemping av offentleg tenestemann.

Politiet var også ute på promillekontroll på Straumgjerde i Sykkylven i natt. 25 bilførarar blei kontrollerte, men det var ingen reaksjonar frå politiet si side.