Rovde Møbel & Design AS

Sender møblar rett til havs

Brann, orkan og konkurs - ikkje noko har greid å sette ein stoppar for møbelproduksjon på Rovde i Vanylven. Sjølv om dei ei stund vurderte å gjere fabrikkbygget om til Sunnmøres største sauefjøs.

Arbeidsglede: Anna Regine Vada Blom (til venstre) og Edith Gullvåg er to av 12 tilsette i Rovde Møbel & Design AS.   Foto: Terje Engås

Nyheter

– Vi var nokre bønder her i bygda som kjøpte fabrikkbygninga og inventaret frå konkursbuet i 2015, og lurte på kva vi skulle bruke det til. Ein av ideane vi tenkte på var å fylle bygget med 700 sauer, fortel dagleg leiar Paul Sindre Vedeld (55) i Rovde Møbel & Design.