Måtte evakuere barnehage etter politiaksjon

Ein barnehage i Sykkylven blei stengd måndag, etter ein politiaksjon i nabolaget.

  Foto: Smp-tipsar

Nyheter

Foreldra til barn i ein barnehage i Sykkylven fekk måndag beskjed om å hente barna, etter at det hadde oppstått ein situasjon i nabolaget.

Også foreldre ved ein skule i sentrum blei bedne om å hente barna med bil etter skuletid.

Det stadfestar kommunalsjef Bjørnar Midtbust til Sunnmørsposten. Det skal ikkje ha vore nokon fare for for dei som var i barnehagen eller på skulen.

Ved operasjonssentralen i Møre og Romsdal politidistikt får Sunnmørsposten opplyst at det handlar om eit reint helseoppdrag og at dei har kontroll.

Vitne fortel at det var mykje politi på plassen. Like før klokka halv fire opplyser vitne til Sunnmørsposten at aksjonen er avslutta.