Arbeidarpartiet slår tilbake mot Framstegspartiet:

- 25 migrantar veltar ikkje kommunebudsjettet

Eva Vinje Aurdal og Åse Kristin Bakke i Arbeidarpartiet meiner Framstegspartiet bommar i sin kritikk av Moria-utspela.

Meiner Ålesund har kapasitet: Åse Kristin Ask Bakke (Ap) er kommunestyremedlem og er også foreslått på andreplass på stortingslista til Møre og Romsdal neste år. Ho meiner Ålesund har kapasitet til å hjelpe nokre av Moria-migrantane som er i naud. (Arkivfoto)  Foto: Staale Wattø

Nyheter

– Ålesund kommune har god kapasitet. Så langt har om lag ein tredel av dei 62 vedtekne flyktningane kome. Å ta imot 25 migrantar veltar ikkje kommunebudsjettet, seier Bakke.