Meiner folk har stole lam med å bruke fiskekrok: – Eg har ikkje det vidaste omgrep om kven som kan få seg til å gjere noko slikt

15 av dei 128 lamma til sauebonde Tor Odd Kjellstadli er borte. Og på beitet fann han ein blå saltvassluk sittande fast i ulla på eit av lamma sine, langt unna næraste fjord der ein normalt bruker slikt fiskereiskap.
Nyheter

I år har Kjellstadli hatt sauene lenge inne. Sidan han bur 400 meter over havet og at det låg snø til langt ut i juni har det ikkje vore alternativ. Dermed har lamma blitt store og vande med menneske før dei har sleppt ut på beite. Kjellstadli meiner at nokon har stole sauar frå han, og han meiner fiskekroken er blitt brukt som reiskap.