Pandemiar tema på seniorakademi

Sykkylven Seniorakademi vart etablert tidlegare i år. Men først no er det klart for det første møtet i foreininga. Og her er temaet ikkje overraskande pandemiar: spanskesjuka og koronaepidemien.

Foredragshaldar: Martinus Løvik. (Arkivbilde)  Foto: Olav Skjegstad / Romsdals Budstikke

Nyheter

Det fortel Sykkylven Seniorakademi i ei pressemelding. Møtet finn stad tysdag, 22. september på kulturhuset i Sykkylven.

Foredraget på møtet vert halde av Martinus Løvik. Han har vore professor i allergi- og infeksjons-immunologi ved NTNU i Trondheim. Løvik har også vore avdelingsdirektør ved Folkehelseinstituttet i Oslo.

Koronapandemien har ført til økonomiske, helsemessige og sosiale krisetilstandar i mange land. For 100 år sidan herja ein annan pandemi, nemleg spanskesjuka, i store deler av verda.

Føremålet med Løviks foredrag vil mellom anna vere å formidle ei forståing av dei sentrale omgrepa som vert nytta i massemedias og ekspertane sin omtale av pandemiane. I foredraget vil Løvik vil gjere greie for likskapane og skilnadene mellom desse to store pandemiane.

Foredraget vil også innehalde oppdatert informasjon om dei ymse aspekta ved koronapandemien, sjukdomsytringar, smittemåtar, behandling og vaksinar.


Seniorfestival i stor-Ålesund:

Seniorfestivalen har godt program, men ikke god plass

Seniorfestivalen har godt program, men ikke god plass: Det gjelder å være snar i snuen.