Veg stengd etter jordras

Jordraset har gått rett over vegen.  Foto: Dagfinn Aasvik

Store mengdar jord rasa ut.  Foto: Dagfinn Aasvik

Raset stoppa ute på ei mark på nedsida av vegen.  Foto: Dagfinn Aasvik

Slik ser det ut etter at eit jordras gjekk over vegen i Åram.  Foto: 110-sentralen, Twitter

Nyheter

Onsdag morgon fekk politiet melding om eit jordras som hadde gått over Fylkesveg 5852 i Åram i Vanylven.

Raset har skjedd mellom Åram ferjekai og Koparneset. Det skriv Møre og Romsdal politidistrikt i ei Twittermelding.

Vegen er stengt og entreprenør og teknisk vakt i kommunen er varsla om hendinga.

Omkøyring blir via Fiskå og Hakallestranda ifølgje Vegtrafikksentralen.

Bur rett ved

Dagfinn Aasvik bur 50 til 75 meter unna der raset gjekk. Han står og ser på jordmassane når Sunnmørsposten snakkar med han.

– Oppover i fjellsida her ser det ut til at raset er om lag 75 meter breitt, medan det over vegen ser ut til å vere 25 meter breitt ved første augekast, seier han.

Sjølv om raset gjekk nært huset han bur i, er han ikkje bekymra.

– Nei, det gjekk eit bittelite ras her for fleire år sidan, men ikkje som dette. Eg er likevel ikkje bekymra. Om det skulle gå eit ras bak huset så vil det stoppe i eit lite søkk her, seier han.

Aasvik høyrde ikkje når raset gjekk, men oppdaga det onsdag morgon. Han er ikkje overraska med tanke på alt regnet den siste tida.

– Her er berre jord og lyng over fjellet. Det skal mykje til å halde på det med så mykje vatn som har komen i det siste, seier han.

Opprydding

I 09.40-tida onsdag skriv Vegtrafikksentralen at vegen blir stengd i ei lengre periode. Grunnen er at ein geolog skal undersøke området før opprydding kan byrje.

I 12.20-tida onsdag er oppryddingsarbeid i gong.  Foto: Eivind Voldsund/Møre og Romsdal fylkeskommune



I 12.25-tida kan fylkeskommunen melde at oppryddingsarbeidet er starta. Etter planen skal vegen opne i løpet av ettermiddag onsdag.