Aksjonistar tok ferja fram og tilbake for å hindre sprengstoff – vart fjerna av politiet.

Torsdag måtte politiet fjerne elleve personer frå ferja som skulle frakte sprengstoff til Haramsøya.
Nyheter

Stangeland Maskin skulle frakte sprengstoff over til Haramsøya til arbeidet med vindkraftanlegget. Det ville Motvind Norge hindre. Tysdag og torsdag denne veka har aksjonistar frå motstandsgruppa teke ferja mellom Lepsøya, Haramsøya og Skjelten. Planen deira var at sprengstoffet ikkje skulle få kome med ferja fordi det var meir enn 12 passasjerar om bord.