Fekk kritikk frå Fylkesmannen:

Skjerpar rutiner etter tilsyn

Ulstein kommune vil skjerpe rutinene etter tilsyn frå Fylkesmannen. Kommunen har også endra praksis.

Ulstein rådhus. Arkiv  Foto: Knut Arne Aarset

Nyheter

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har hatt tilsyn med Ulstein kommune og eigendel for betaling av omsorgstenester. I ein førebels rapport konkluderte Fylkesmannen med at det har skjedd brot på regelverket og at kommunen sin praksis har gått ut over rettstryggleiken.