Dømt til tre års fengsel for seksuelle overgrep mot barn

Ein mann i 50-åra på Sunnmøre er dømt til tre års fengsel for seksuelle overgrep mot to barn. Dei er i småskulealder. 

Søre Sunnmøre tingrett: Hovudforhandlinga fann stad her i Søre Sunnmøre tingrett i Volda. Fagdommar var Elisabeth Wiik.   Foto: Knut Arne Aarset (Arkivbilde)

Nyheter

Dei to offera er dottera til mannen og ei veninne av dottera. Overgrepa skjedde sommaren 2018. I ettertid sende mannen også meldingar av seksuell karakter til veninna av dottera.