Stad får 4 millionar kroner til Statens Hus-pilot

Distrikts- og digitaliseringsminister Linda Helleland saman med ordførar i Stad, Alfred Bjørlo.  Foto: Stad kommune

Nyheter

Det kjem fram i ei pressemelding. Pengane går til å styrke og samle statlege kompetansemiljø i Distrikts-Noreg.

– Dette er strålande nyhende! No får vi «flybensin» til å setje fullt trykk i arbeidet med å skape ein ny, framtidsretta modell for å skape sterke, samordna statlege kompetansemiljø i distrikts-Noreg. Det seier ordførar i Stad, Alfred Bjørlo (Venstre) i meldinga.

Bjørlo meiner prosjektet vil føre til eit meir robust og framtidsretta statleg fagmiljø på Nordfjordeid.

– På Nordfjordeid er det i dag fleire små og på sikt sårbare avdelingar av ulike statlege etatar. No kan vi med støtte heilt opp på Regjeringsnivå gå i gang med å bygge eit samla, robust og framtidsretta statleg fagmiljø på Nordfjordeid i nært samspel mellom Stad kommune og staten – som kan syne veg for distrikts-Noreg elles. Vi vil også invitere inn Vestland fylke i prosjektarbeidet, skriv han i meldinga.