Strandryddeveka 2020:

Poserte i plast frå fjøra: – Det er ikkje søppel, det er ressursar

Mellom 5. og 20. september gjekk Strandryddeveka av stabelen. Laurdag var det den offisielle strandryddedagen, som blei feira på ein litt annleis måte på Runde.

Fotoshoot: Frå venstre: Elin Helland Johansen (Hippo Suerteam), Pippip Ferner (kunstnar som jobbar med marin forsøpling), Louise Tackmann (Runde miljøsenter), Ina Giske (Happy Ocean Studios) og Nina Renate Røyset (Runde miljøsenter).  Foto: Børge Sandnes, Happy Ocean Studios

Nyheter

– Heile tanken er at dette ikkje er søppel, men ressursar. Vi må sette marint søppel og sirkulær økonomi på dagsordenen. Det fortel Ina Giske i Happy Ocean Studios.