Torsdag er skjebnedagen for Giske-skulane:

Brennande hjarte for skule i Giske

Med naudbluss forma som eit hjarte, signaliserte foreldra at dei er brennande ueinig i skulenedlegginga.

Video: Kai H. Brynestad

Nyheter

Torsdag 24. september er skjebnedagen til skulane i Giske. Då skal kommunestyret bestemme om dei skal leggje ned ungdomsskulen på Godøya og flytte elevane til Valderøya, og om 1.–4. trinn på Alnes skule skal flyttast til Godøy skule.

Alt tyder på at slaget om skulane er tapt. Det ser ut til at dei største partigruppene ikkje går inn for å redde skulane.

Formannskapet i Giske kommune tilrådde sist veke å leggje ned ungdomsskulen på Godøya og 1.–4. trinn på Alnes. Samtidig gjekk dei også imot innstillinga til kommunedirektøren, og ønskjer å spare barneskulen i Giske.

I eit siste håp om å redde skulane før saka vert endeleg avgjort, tok eit knippe foreldre turen til Alnes skule tysdag morgon for å vise politikarane kor mykje skulen betyr for dei og barna. Med naudbluss forma som eit hjarte, signaliserte foreldra at dei er brennande ueinig i nedlegginga.

Med eit brennande hjarte for Alnes skule, ville eit knippe foreldre signalisere til politikarane kor mykje skulen betyr for dei og barna tysdag morgon 22. september. Torsdag skal kommunestyret i Giske avgjerde om 1.-4. trinn ved Alnes skule og ungdomsskulen på Godøya skal leggast ned.  Foto: Kai H. Brynestad