Fjellsikring på Valdervoll:

Mogleg dobbeltrolle i saksbehandling – ber fylkesmannen om å vurdere å bruke settekommune

Diskusjonen går i eitt mellom Giske kommune og IL Valder om kven som skal ta ansvaret for fjellsikringa på Valdervoll.

RASUTSATT: Dette er eitt av dei rasutsatte områda på Valdervoll. Idrettslaget måtte stenge store delar av anlegget i august grunna faren for steinsprang.  Foto: Giske kommune

Nyheter

Kommunen meiner at det frå utsida kan sjå ut som at dei sjølv har hatt ei dobbeltrolle i saka, og ber fylkesmannen om ei vurdering. Problemstillinga rundt steinsprang ved anlegget på Valdervoll har vore kjent lenge. Giske kommune var grunneigar av fleire av dei omhandla eigedomane under behandling av byggesaka og ved start av arbeidet med masseuttaket. Eigedomane knytt til friidrettsanlegget vart kring 2007 overteke av IL Valder. Kommunen var også tiltakshavar for tiltaket med kunstgrasbana og er framleis grunneigar på dette arealet.