Avgjersla om Giske-skulane er klar:

Kommunestyret vedtok skulekutt

1.-4. trinn ved Alnes skule vert lagt ned, og ungdomsskuleelevane på Godøya vert flytta til Valderøy ungdomsskule.

Kommunestyret: Ordføraren snakkar til Giske kommunestyre torsdag kveld under den vanskelege skulesaka.  Foto: Lene Mo Flataker

Nyheter

Torsdag kveld hadde Giske kommunestyre møte, med 23 møtande. Tre forslag vart fremja, der det siste forslaget frå Ap og delar av KrF som var likt tilrådinga frå kommunedirektøren, men med nokre justeringar, fekk 16 stemmer mot sju.