Loen Skylift opnar igjen

På toppen av gondolbanen Loen Skylift kan tilreisande nyte utsikta.   Foto: Erik Johansen / NTB scanpix.

Nyheter

Den 19. august, under ein av dei daglege kontrollane, oppdaga banemannskap i Loen Skylift ein mindre skade på eit beretau i fjellstasjonen. Drifta vart rutinemessig midlertidig innstilt, og ein fekk spesialistar frå Garaventa og tau-leverandør på plass for å rette skaden.


Midlertidig driftsstans for Loen Skylift – har problem med bæretau

Eit problem med eit bæretau på fjellstasjonen har ført til at drifta ved Loen Skylift måtte innstillast inntil vidare.


Feilen har aldri utgjort nokon fare for sikkerheita i bana, verken for besøkande eller tilsette.


Ekspertar frå tre land i Loen:

Framleis usikkert når skyliften er i gang igjen


Spesialistar og tauprodusent har dei siste vekene reparert skadane på beretauet. I tillegg har alle kablar blitt teknologitesta og sikkerheitsklarert. Kabelprodusent og ein uavhengig ekspert har bekrefta at alle kablar oppfyller alle krav og at det difor er klart for å ta opp att drifta av bana frå og med fredag 25. september. Dette melder Loen Skylift og Garaventa i ei pressemelding.

– Vi ynskjer alle hjarteleg velkomne tilbake til turar med Loen Skylift, og til fine turopplevingar og besøk i restauranten på Hoven, vert det sagt i pressemeldinga.