Utbygging i gong på Stad:

Vindkraftaksjonistar dokumenterer alle rørsler

Vindkraftmotstandarar på Stad held vakt på omgang utanfor området der entreprenøren jobbar seg inn i myrlandskapet mot Okla. – Vi er her for å dokumentere galskapen, seier Hans Christian Hansen.

Viser motstand: Hans Christian Hansen og Marita Aarvik framfor anleggsområdet i Borgundvåg på Stadlandet der dei held vakt på omgang for å uttrykkje motstand mot Okla-prosjektet. – Målet er å stoppe prosjektet, seier dei.   Foto: JØRN-ARNE TOMASGARD

Nyheter

– Målet er å stoppe utbygginga. Utbyggjaren fekk veldig bråttom med å starta arbeidet etter at Stortinget 19. juni vedtok at gjevne konsesjonar skulle gjennomgåast på nytt. Dei burde sjølvsagt avventa ny vurdering av saka. Det seier sitt at dei etter 14 år ikkje er ferdig med saksprosessar og søknader, seier aksjonsleiar Hansen i grupperinga Stad Landskap.