Ålesund formannskap:

Klagar på nytt NVE-vedtak om vindturbinar

Ålesund kommune klagar på NVE sitt vedtak om å godkjenne endra detaljplan og MTA for Haram vindkraftverk. Dei meiner støy- og skredfaren ikkje er godt nok undersøkt.

Vil klage: Haram Kraft AS si justerte detaljplan og MTA-plan for vindkraftverket på Haramsøya er godkjent av NVE. Ålesund kommune klagar på vedtaket.   Foto: Svein Ove Ekornesvåg

Nyheter

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har godkjent Haram Kraft AS sin justerte detaljplan og miljø-, transport og anleggsplan (MTA) for Haram vindkraftverk.