Har undersøkt arbeidsmiljøet ved medieutdanninga på Høgskulen i Volda på nytt:

Dette seier dei tilsette om korleis arbeidsmiljøet har endra seg

Ei ny undersøking av arbeidsmiljøet vitnar om at fleire på medieavdelinga i Volda framleis ikkje er nøgde. Hovudinntrykket er likevel at arbeidsmiljøet er betre no enn i fjor.

Støy: Medieutdanninga ved Høgskulen i Volda (der undervisninga i stor grad skjer i Ivar Aasen-huset) har i fleire tiår hatt eit svært godt rykte, men intern krangling har prega mediebiletet ved avdelinga det siste året.  Foto: Arkivfoto

Nyheter

I august i fjor viste ein rapport frå Stamina Helse at arbeidsmiljøet ved Avdeling for mediefag ved høgskulen er i strid med arbeidsmiljølova.