Bergsøy skule, avdeling Blåhaugen:

Politiet er kobla inn etter trugande melding på tavle

Ei melding på ei tavle om at noko skal skje på fredag, har skapt uro blant elevar og føresatte ved Bergsøy skule, avdeling Blåhaugen for 1.-4. trinn.

Uro ved skulen: Bergsøy skule, avdeling Blåhaugen. Arkivfoto  Foto: Vestlandsnytt

Nyheter

Det var tysdag 29. september at nokre elevar ved skulen oppdaga ei trugande melding på tavla i eit av klasseromma. Dette skjedde etter skuletid, medan elevane som går på SFO var ute og leika.

Politiet vart kopla inn, og har vore synleg til stades på skulen både onsdag og torsdag denne veka. Politiet vil også vere på skulen heile fredag, kjem det fram i eit informasjonsbrev til føresette torsdag ettermiddag. I brevet står mellom anna dette:

«Torsdag 1. oktober når denne informasjonen her vert utsendt, kan ikkje politiet formidle noko konkret om kven som kan ha skrive meldinga og årsaka til meldinga.

Politiet har etter grundige undersøkingar ikkje funne noko som gir grunnlag for at ein skal vere uroleg. Det skal vere trygt på skulen, og politiet kjem også til å vere på skulen heile morgondagen fredag 2. oktober. Då vert det også gjort fleire undersøkingar og ein får avklart meir rundt saka.

Med tanke på vidare avklaring så ynskjer vi at alle føresette snakkar med borna sine for å finne ut om nokon har sett eller høyrt noko som kan vere av interesse.»

Det vert presisert i brevet at meldinga ikkje var retta mot nokon spesielle elevar eller klasser, men at det stod at det skulle skje noko på fredag.

Uro

Ingrid Renberg har barn i småskulen på Blåhaugen som allereie tysdag kom heim og fortalde om den trugande meldinga på tavla.

Reagerer: Ingrid Renberg har barn som går på Bergsøy skule, avdeling Blåhaugen.   Foto: Privat

Dagen etter fekk ho høyre frå sonen at politi i full uniform og med patruljebilar hadde vore på skulen.

– Vi er fleire foreldre som reagerer på manglande informasjon frå skulen om kva det er som har gått føre seg desse dagane. Når ungane kjem heim frå skulen og fortel om ei melding som skremmer dei, og elevane får politibesøk i skuletida, då bør skuleleiinga komme på banen med informasjon så tidleg som mogleg, så vi foreldre veit kva vi bør snakke med barna om, seier Renberg.

– Når det skjer spesielle og skremmande ting på skulen, må heimane få rask beskjed. Manglande informasjon skapar uro. No er det fleire foreldre som diskuterer om dei skal halde borna sine heime frå skulen på fredag. Dette brevet vi no har fått, seier ikkje noko meir enn det ungane våre kom heim og fortalde allereie tysdag, seier ho.

Anbefaling frå politiet

Kommunalsjef i Herøy kommune, Sølvi Lillebø Remøy, seier dette til Sunnmørsposten:

– Når politiet gjer undersøkingar, er det politiet som avgjer når det er riktig å gå ut med informasjon. Politiet har gitt ei anbefaling om å vente til dei var kome vidare med deira undersøkingar. Dei har snakka med elevane, og elevana har vore fullt informert om kvifor politiet har vore på skulen. Politiet vil vere på skulen heile fredag også, og bidra til at alle skal kjenne det trygt å vere på skulen då, seier Remøy.

– Det er beklageleg dersom nokre av foreldra meiner at den informasjonen som er gitt ikkje er god nok. Som det står i brevet, vil alle føresette få oppdatering i saka fortløpande, legg ho til.

Ikkje godt nok

Ingrid Renberg kallar svaret frå skuleeigar for skivebom:

– Her snakkar vi om 1. – 4.-klassingar som går heim og fortel føresette kva som har skjedd. Meiner kommunalsjefen at kommunikasjonen om ei slik alvorleg hending skal kome til heimane frå til dømes ein førsteklassing? Vi har gått i to dagar og ikkje visst korleis vi skal forholde oss til informasjonen, om eller kva som er tilfelle. Barna er oppskaka og vil ha svar heime. For at føresette skal kunne bidra med å roe ned situasjonen heimanfrå, så har mangel på kommunikasjon frå skuleeigar heilt klart ført til det motsette.

– Dette handlar om grunnleggjande ivaretaking av dei yngste skulebarna sin skulekvardag, og ikkje minst i tida framover etter dette, seier Renberg.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Nyheter