Trusselsituasjonen ved Bergsøy skule:

Ein skuledag nesten som vanleg for barna som møtte opp

Siste skuledag før haustferien gjekk stille og roleg føre seg på avdeling Blåhaugen. Ikkje minst fordi halvparten av elevane var heime.

Skuledag: Som varsla var politiet på skulen heile fredagen før haustferien ved Bergsøy skule, avdeling Blåhaugen.  Foto: Einar Orten Trovåg

Nyheter

Rektor Frode Huru ved Bergsøy skule, avdeling Blåhaugen, reknar med at det er situasjonen knytt til politiet sitt arbeid ved skulen som er årsak til at så mange foreldre valde å halde ungane sine heime på fredag.