Her er den nye Muritun-sjefen

Elisabeth Slotsvik Kleive hadde eigentleg ikkje tenkt å flytte på seg, men klarte ikkje å seie nei då ho fekk tilbod om jobben som ny administrerande direktør for Muritunet i Valldal.

Ny sjef: Elisabeth Slotsvik Kleive har begynt i stillinga som administrerande direktør ved Muritunet i Valldal.   Foto: Terje Engås

Nyheter

– Det verka spanande å skulle jobbe innan rehabiliteringsdelen av helsesektoren. Det har eg aldri gjort før. Dessutan er det så mange dyktige fagfolk her inne, seier Elisabeth Slotsvik Kleive (53).