Slår alarm rundt den maritime næringa lokalt - som han meiner aldri før har hatt det verre:

– No må verkeleg politikarane sjå alvoret

Atle Strandebø meiner den maritime næringa lokalt, til dømes Ulstein Verft, vil slite med å overleve – dersom ikkje politikarane lokalt og nasjonalt no tek tak.

– Tiltak må på plass: Atle Strandebø (bildet) uttaler seg sjeldan i media, men no har 69-åringen, med mangslungen erfaring frå den maritime næringa, fått nok av det han meiner er tafatte politikarar både lokalt og nasjonalt. – No må dei få opp auga. Det vil vere katastrofalt om ikkje tiltak kjem på plass snarast råd, for den maritime næringa slit tungt, seier han.   Foto: Ole-Ottar K. Høgstavoll, Vikebladet Vestposten

Nyheter

Vikebladet Vestposten: Atle Strandebø er ikkje kven som helst innanfor den maritime næringa i regionen. 69-åringen har over 45 år lang erfaring verda over innan skipsbyggings- og skipsreparasjonsindustrien, og er framleis aktiv som dagleg leiar for selskapet sitt Saltek AS, som har utført installasjonar og service for verft, på skip og for industriverksemder i Norge og heile verda. Saltek AS blei etablert i 2008, basert på det eksisterande selskapet Strandebø Slipp & Mek. Verksted AS.