Cruise & co har rydda etter seg

- Det var heilt strøkent. Hadde alle rydda like bra etter seg skulle ikkje eg klage, seier Stranda-ordførar Jan Ove Tryggestad.

Kommuneleiinga i Stranda på synfaring på toppen av Helsetkopen, 1246 meter over havet. I bakgrunnen skimtar vi Hellesylt.   Foto: Asle Johan Konnerth.

Nyheter

Tryggestad, samt rådmann Åse Elin Hole og skogbrukssjef Asle Johan Konnerth har vore på helikoptertur til Helsetkopen, fjellet som skodespelar Tom Cruise fleire gonger i september har hoppa utfor med motorsykkel og fallskjerm.