Fylka får 1,25 milliardar kroner som kompensasjon for tapte billettinntekter:

Derfor meiner Frp-toppen at ferjeprisane kan frysast

Regjeringa vil kompensere det fylka tapte på manglande billettinntekter på ferjer under koronakrisa. - Dette har eg sagt kom til å skje lenge, seier Frp sin fylkesleiar Frank Sve.

Optimist: Frank Sve (Frp) meiner signala frå regjeringa i dag betyr at fylkeskommunen sin økonomi ikkje blir så ille som mange trur.  Foto: Staale Wattø (arkivfoto)

Nyheter

– Både fylkesrådmannen og fleire fylkespolitikarar har trudd at fylket kjem til å gå 100 millionar kroner i minus grunna koronakrisa. Eg har sagt heile tida at manglande inntekter kjem til å bli kompensert og at vi heller kjem til å gå i eit stort pluss.