Kan ha funne endå eit gudshus

– Viss dette er kva vi trur, er det like spektakulært som funnet av gudehovet frå vikingtida, fortel arkeolog Søren Diinhoff.

Gudshus: Arkeolog Søren Diinhoff ved stolpehola han trur er restane etter eit gudshus frå seinromersk tid.   Foto: Rune Sæbønes, Møre-Nytt

Nyheter

(Møre-Nytt): Det kan vise seg at arkeologane som har vore i sving med utgravingar i åtte veker, kan ha gjort endå eit særmerkt funn av religiøs aktivitet. Det handlar om ein ringforma bygning i tilknyting til eit langhus som stammar frå seinromersk tid, om lag 500-talet.