Bygger kafé 1.476 meter over havet

Nytt servicebygg med kafé, fleire toalett, større butikk, personalrom og tekniske rom. Få år etter at den nye skywalken stod ferdige oppe på utsiktspunktet Dalsnibba ved Geiranger, er det igjen bygging på det 1.476 meter høge fjellet.

Utbygging: Det blir no sett opp eit nytt servicebygg på Dalsnibba, som mellom anna skal innehalde kafé.  Foto: Ann Kristin Mossberg

Nyheter

– Vi skal no mellom anna lage ein kafé der folk kan sette seg ned og nyte ein kaffi og noko å bite i. Det har vi ikkje hatt til no, fortel Ann Kristin Mossberg.