Får ikkje felle oter som tar kritisk truga laks

Fylkesmannen seier blankt nei. Leiaren i Barstadvikelva elveeigarlag fortviler.

Gytelaks drepen: Idar Barstad fortel at han fann denne laksen 6. oktober, og går utifrå at den er tatt av oter.  Foto: Idar Barstad

Nyheter

Laksen i Barstadvikelva er nær utrydda. Både flaum som øydela gytegroper, aluminiumavrenning etter hogst og generelle problem som lakselus har spelt inn i større eller mindre grad.