Har framleis ikkje funne smittekjelde etter positiv koronatest:

Alle i kommunen med små symptom må teste seg - lange køar måndag

Situasjonen i Herøy er framleis uavklara etter at ein person testa positivt for korona sist veke. Måndag la kommunen til rette for ekstra stort trykk frå folk som ville teste seg.

Kø: Alle i Herøy med sjølv små symptom hadde fått beskjed om å teste seg for korona måndag. Mange tok oppfordringa. Allereie før testinga starta klokka 11.00 måndag var det lang kø utanfor Herøy Helsesenter.  Foto: Einar Orten Trovåg

Nyheter

Det var i helga Herøy kommune sende ut melding om alle som på sjølv små symptom av sår hals, forkjøling eller snue bestiller seg time for testing.