Hans Marius Ringdal frå Hellesylt:

Fast pilot kvar gong Tom Cruise skulle hoppe

Dei omlag 60 gongene Tom Cruise skulle hoppe i fallskjerm frå helikopter, var det Hans Marius Ringdal (38) frå Hellesylt som sat bak spakane.

Klar til avgang: Hans Marius Ringdal (frå venstre),Tom Cruise, John Devore og Will Samuelson.  Foto: Hans Marius Ringdal

Nyheter

– Han viste seg som ein ujålete og varm person. Og han var svært utadvendt medan han var her. Dessutan er eg imponert over kor intenst han øvde på alt han skulle gjere.