Fylkeskommunen fryktar for trafikksikkerheita:

Seier nei til svømmehall på Digerneset

Ålesund kommune bør seie nei til bygging av svømmehall på Digerneset. Det er oppmodinga frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Ikkje minst er dei uroa for trafikksikkerheita til barn og unge på ein stad med mange og store bilar.

Badeanlegg: Digerneset Næringspark planlegg å bygge eit badeanlegg.   Foto: Digerneset Næringspark AS

Nyheter

– Svømmehallar blir i stor grad nytta av barn og unge. Plasseringa av desse vil derfor vere av stor betydning for barn og unge sine interesser i planlegginga. Slik tiltaket er plassert, så vil dette medføre ein komplisert trafikksituasjon for barn og unge.