Øvrelidsaka er i gang:

– Det første vi gjorde, var å strekke ut ei hand til kommunane

Advokat Mette Yvonne Larsen teikna i retten eit bilde av Ulstein og Hareid kommunar som defensive frå første kontakt i november 2017.

I gang: Mette Yvonne Larsen representerer Øvrelid-søskena, som vi her ser i bakgrunnen.  Foto: Staale Wattø

Nyheter

Erstatningssøksmålet frå dei fem søskena Øvrelid vert no behandla i Sunnmøre tingrett. Det er berre spørsmålet om kor vidt sakene er forelda som er til vurdering.