Behandlarar fortalde om psykiske seinskader hos Øvrelid-søskena

Fagfolk innanfor psykologi og psykiatri vitna i retten onsdag. Dei beskreiv korleis Øvrelid-søskena den dag i dag er sterkt prega av det dei opplevde i oppveksten.

Har fått forklart seg: Framme frå venstre: Margareth Øvrelid, Sveinung Vikene, advokat Mette Yvonne Larsen. Bak frå venstre: Egil Øvrelid, Hilde-Kristin Korsnes og Linda Øvrelid.  Foto: Staale Wattø

Nyheter

Angst. Store konsentrasjonsvanskar. Depresjon. Post-traumatisk stress. Låg sjølvkjensle. Øvrelid-søskena er ulike og har kvar si historie. Alle deler i større eller mindre grad desse etterverknadene etter den traumatiske oppveksten sin i Ulstein og Hareid på 60-, 70- og 80-talet.