Svarer på utspelet frå Zephyr:

– Forvaltningslova har ikkje blitt følgt

Birgit Oline Kjerstad i Nei til Vindkraft på Haramsøy meiner omsynet til rassikkerheit er betre no, men tilbakeviser andre delar av analysen til Zephyr.

– Filmen er ganske dekkande: – Filmen som Zephyr viser til er laga av ein amatør og baserer seg på manglane vi meiner heftar ved konsesjonen. Der er nokre formuleringer i teksten som kanskje er litt unøyaktige, men sett i lys av den store og komplekse saka er den ganske dekkande, vurderer Birgit Oline Kjerstad, leiar i Nei til vindkraft på Haramsøy.  Foto: Marius Simensen (arkivfoto)

Nyheter

Nei til vindkraftverk meiner at verken dei (som tidlegare heitte Ope landskap) eller privatpersonar med eigedomar som blir råka av støy og skuggekast har blitt orienterte om desse konsesjonsendringane og driftsutsetjingane.