Tilbakeviser 15 av 15 påstandar om vindkraftsaka på Haramsøya

Mandag 26. oktober startar rettssaka om kor vidt Sunnmøre tingrett mellombels kan stoppe arbeidet med vindturbinane på Haramsøya. I opptakta til saka har det kome ei rekkje påstandar frå vindkraftmotstandarar som utbyggjaren Zephyr no meiner dei kan tilbakevise.

Utbyggaren: Olav Rommetveit er administerande direktør i Zephyr AS. Som utbyggar er dei ein part i rettssaka som startar i Sunnmøre tingrett neste veke.  Foto: Zephyr

Nyheter

– Det har tatt tid å svare ut, men konklusjonen er klar for alle 15. Det er ikkje grunnlag for nokon av desse påstandane, seier Olav Rommetveit, dagleg leiar i utbyggaren Zephyr.