Møbel, interiør, mote, sport og tekstil går saman

Nasjonalt kompetansesenter til Sykkylven

Norsk næringsliv får frå nyttår av eit nasjonalt kompetansesenter for innovasjon, kommersialisering og berekraftig utvikling innan møbel, interiør, mote, sport og tekstil. Senteret får kontor både i Sykkylven og Oslo.

Møbeltreff: Møbelbransjen hadde konferanse i Sykkylven også i oktober i fjor. No blir det ny konferanse. (Arkivbilde)  Foto: Terje Engås

Nyheter

Bak nyskapinga står ulike aktørar innanfor møbel, interiør, mote, sport og tekstil. Onsdag vart prosjektet presentert på eit bransjetreff og ope medlemsmøte i Designindustrien i Norsk Industri. Møtet fann stad i Sykkylven.