Sunnmøringen og Sykkylvsbladet slår seg saman:

Trur på overskot for ny avis

Både Sykkylvsbladet og Sunnmøringen har slite med underskot, men når dei to avisene no slår seg saman er det venta positivt resultat.

Samanslåing: Sykkylvsbladet og Sunnmøringen blir slått saman og skal utviklast vidare som ei avis frå nyttår av. Namn på avisa er enno ikkje bestemt.  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Nyheter

– Det er grunnlag for overskot. Vi ventar at det blir eit opplag på 3.500 i ein felles publikasjon. Det gjer at vi får eit abonnementsgrunnlaget som eit mediehus er avhengig av for god drift, seier Lidvar Flydal, som er styreleiar i Sykkylven Media AS og Sunnmøringen AS.