Møbelnæringa satsar både på nett og i butikkar

Slettvoll Møbler på Stranda satsar både på lekre butikkar og lekre nettsider. Ekornes fekk oppleve kor viktig det var å ha nettbutikken på plass då dei fysiske butikkane korona-stengde i mars.

Slettvoll: IT-sjef Ralf Alvestad og e-comamsvarleg Jorunn Haram hos Slettvoll Møbler.  Foto: Terje Engås

Nyheter

– Netthandelen vil auke kraftig framover. Mellom anna kjem Amazon til å satse knallhardt på møbelsal, fortalde Helge Overå til forsamlinga under bransjetreffet til Norsk Industri onsdag.