Marthe første vinnar av Rellingprisen

Marthe Bull Pettersen, designstudent ved Universitetet i Bergen, har vunne 1.premien i den nyoppretta Rellingprisen.

Utdeling av Rellingprisen: Frå venstre Lilly Kathrin Relling (barnebarn til Ingmar Relling), Hanna Relling Berg (dotter til Ingmar Relling) Knut Relling (son til Ingmar Relling), 1.prisvinnar Marthe Bull Pettersen - og Ingrid Charlotte Gjørsvik, ein av dei to 3.prisvinnarane.   Foto: Eldar Høidal

Nyheter

Prisen, som Møbelmuseet i Sykkylven har teke initiativ til, er kalla opp etter møbeldesignar Ingmar Relling (1920–2002) frå Sykkylven. Han er særleg kjend for stolen «Siesta».