Fryktar skulenedlegging på øyane: – Skal vi sende småbarn på ferje til skulen?

Eitt av sparetiltaka Ålesund kommune ser på, er «strukturendringar» på skulane på Nordøyane allereie frå 2021. Det kan bety nedlegging av Lepsøy og Flem skular.

Skule er meir enn økonomi: – Vi treng at Ålesund kommune er ein støttespelar. Skule er meir enn økonomi, barnetal og kroner per hode, seier Odd Einar Molnes, Nordøyane kommunedelsutvalg.   Foto: Nils Harald Ånstad

Nyheter

Tidlegare er det gitt signal om at det kan bli færre skular på Nordøyane når Nordøyvegen er ferdig. No kan øybuarane miste skular allereie neste år – før vegen er klar.