Bråket rundt reinseanlegget på Kvasneset har ikkje lagt seg:

Meiner ordføraren bagatelliserer dei negative konsekvensane

Det kjem stadig nyheiter som tyder på at konsekvensane av reinseanlegget på Kvasneset er verre enn først venta, meiner leiaren i Sula MDG.

Reinseanlegg: Sula og Ålesund har dei par siste åra jobba med å utgreie om det planlagde kloakkreinseanlegget deira kan ligge på Kvasneset i Sula. Tidleg neste år er ein konklusjon venta.  Foto: Morten Hjertø

Nyheter

– For to år sidan vart det sagt at det ikkje skulle vere gjennomslag i det heile, og at dette er eit overordna prinsipp for slike utslepp, seier Håvard Vollset Lien, leiar i Sula MDG.