Den administerande direktøren i Mørenett slår tilbake:

– Dei har ikkje tilstrekkeleg kompetanse

Fylkeskommunen ønskjer å samle alle nettselskapane i Møre og Romsdal. Det får direktøren i Mørenett til å reagere.

Direktør: Rune Kiperberg er administrerande direktør i Mørenett.  Foto: Mørenett

Nyheter

– Ein prosess for å slå saman 10 nettselskap i fylket, med endå fleire eigarar bak, vil vere krevjande og ta tid. Det å tru at fylkeskommunen, etter å ha mislukkast i å vere fasilitator i ein prosess mellom to selskap, skal klare å mekle fram eit felles nettselskap mellom 10 partar på kort tid er etter vårt syn naivt.