Kulturstrøm med Adam Cliff torsdag kveld:

Heim til Ålesund - og litt nærare Amerika

Ole Andreas Høyberg, alias Adam Cliff, har flytta heim. Det er uansett her mange av låtane hans har blitt til.

KULTURSTRØM: Adam Cliff

Nyheter

Han er klar for denne vekas Kulturstrøm-konsert på Parken kulturhus, 29. oktober. Då går han på scena med fullt band, som sitt amerikanske alter ego Adam Cliff.

– Når eg syng på engelsk, er det som Adam Cliff. Syng eg på norsk, er eg Ole Andreas. På denne konserten blir det litt frå begge, men mest låtar frå mitt komande album på engelsk, inkludert min neste singel «Stomp Your Feet», seier Høyberg.

Klar for konsert: Under artistnamnet Adam Cliff stiller Ole Andreas Høyberg med fullt band på Parken kulturhus, med Einar Berstad på bass, Maria Brandal Berstad på trommer, Hilmar Kristoffersen på piano/synth/orgel, og Kåre Lystad på elgitar. Pressefoto 

Lanseringa av albumet er flytta fram, til våren 2021. Høyberg har brukt det siste halvåret med korona til å jobbe i studio.

– Plata er prega av amerikansk musikk, med ei god blanding gospel, blues og soul, seier han.

I august flytta han tilbake til Ålesund, etter 15 år i Oslo.

– Eg har alltid brukt naturen her heime som inspirasjon, og har skrive mange av låtane mine her på Sunnmøre. Album nummer to skal vere på sunnmørsk. Det blir lettare å hente tilbake dialekten min når eg no faktisk bur her, seier han.


Tildigere har han gitt ut låter under navnet Adam Cliff. Nå går han tilbake til røttene og synger på sunnmørsk

Tildigere har han gitt ut låter under navnet Adam Cliff. Fredag slipper Ole Andreas Høyberg fra Ålesund sin første singel på sunnmørsk, og planlegger et norsk album som skal ut i 2021.


Tilbakeblikk

Hans aller fyrste singel, «Song of Adam», kom i 2014. Låta handla om noko så stort som skapelsesberetninga. I høve sleppet spelte han lunsjkonsert på Scena i Sunnmørsposten same året, der det musikalske lydbiletet var prega av «americana», ei blanding av pop, folk, gospel og rock.


Den aller første singelen

Fredag er artisten klar med minikonsert under konseptet Scena i Sunnmørsposten.


– For meg er det naturleg med eit alias. Både fordi eg nyttar mitt ekte namn i jobb som songlærar og fordi aliaset i større grad gir meg ei rolle og fjernar det faktumet at eg eigentleg er ein beskjeden fyr. Dessutan, ein dag drøymer eg om å slå gjennom i USA, sa han den gong då til Sunnmørsposten.

I dag ser han tilbake på konserten som ei glimrande moglegheit til å presentere musikken for eit større publikum.

– Det var ei fin anledning til å byrje å framføre songane mine. Fram til det punktet hadde eg jobba mest i studio, og ikkje så mykje for folk. Lunsjkonserten var debuten til Adam Cliff.

EIN DRAUM: Ole Andreas Høyberg, alias Adam Cliff, bestemte seg for å satse på musikkdraumen. På Scena-konserten i 2014 hadde han med seg Hans Pareliussen (til høgre), som i dag er leiar for Parken kulturhus og Arbeideren.  Foto: Arkivfoto.



Tenkjer utanfor boksa

Høyberg blei pappa for fyrste gong berre to veker etter lunsjkonserten i 2014. Og så kom det ein til etter der igjen. Det har då naturlegvis tatt litt tid å få fortsette å jobbe med debutalbumet sitt.

– Albumet har eg jobba på i 5 år, og ting har tatt litt lengre tid enn forventa. I 2014 forsøkte eg å gjere alt sjølv. No har eg mange samarbeidspartnarar. Blant anna Christian Ingebrigtsen, som har skrive tittellåten til albumet saman med meg, og Gygre.

I april slapp Høyberg/Cliff sin fjerde singel «Time was on my side».

– Eg hadde kanskje eit tørrare lydbilete før. Vokalen skulle høyrast ut som at han var i stova. Men i «Time was on ny side» har eg turt å eksperimentere med kor og klang, og tenkt litt utanfor boksa.

Møtte kona på butikken

Den nye singelen handlar om å vere på rett stad til rett tid. Aller mest handlar det om å vere til stades i augeblikket. Høyberg trur at ein mange gangar kan bli litt for fokusert på å få oppgåver og ting gjort, og gløymer å leve i augeblikket.

Vårsingelen: Høyberg/Cliff sin fjerde singel, «Time was on my side», og handlar om å vere til stades i augeblikket.  Foto: Pressebilete.

– Eg var då i Oslo, og skulle handle inn til middag. Det byrja å pøsregne, så eg sprang til matvarebutikken. Plutseleg kom der inn ei jente som eg kjende igjen frå studietida. Dette er kona mi i dag.

Han har lurt litt på i ettertid om kva som hadde skjedd dersom han ikkje turte å ta kontakt.

– Ho er ein person som har lært meg mykje om å vere spontant, og vere til stades der eg er. Eg er ein veldig oppgåvestyrt person, og har god evne til å fokusere. Dette er ei dagleg påminning om å ikkje vere altfor fokusert på mobiltelefonen, fortel Høyberg.

Albumklar: Adam Cliff sitt debutalbum kjem ut våren 2021.  Foto: Pressebilete.

Sunnmørspostens digitale scene:

Direkte kultur og skatter fra arkivet

Sunnmørsposten inviterer til direktekonserter og musikalske gjensyn fra Scena på smp.no.