I desse kommunane gjekk dei mange månader utan koronasmitte

Stranda kommune har hittil berre hatt eitt smittetilfelle. Hareid kommune fekk nyleg sitt tredje tilfelle etter å ha gått utan smitte heilt sidan 27. mars.

Flaks: Bernt Brandal, ordførar i Hareid, har lyst å seie at det er hardt arbeid som er grunnen til lite smitte, men eigentleg trur han det er mykje flaks inne i biletet.   Foto: Linda Eikrem/Vikebladet

Nyheter

Det første tilfellet av koronaviruset i Norge vart påvist den 26. februar 2020. Etter det auka smittetala, fram til Norge stengde den 12. mars. Sidan då har alle kommunane på Sunnmøre hatt minst eitt tilfelle av koronavirus. Men Stranda kommune fekk ikkje sitt første (og til no einaste) tilfelle før i juli.