Lastebilar stoppa i kontroll:

Store sprekkar i bremseskivene

Kontrollørane frå Statens vegvesen fann stygge feil under ein kontroll ved Kjøs bru natt til tysdag.

Farleg sprekk: Sprekk i bremseskive avdekt under kontroll ved Kjøs bru.   Foto: STATENS VEGVESEN

Nyheter

(Fjordingen): I følgje rapporten frå vegvesenet vart det avdekt store gjennomgåande sprekkar på bremseskivene framme på to trekkbilar. Dei to bilane vart sende rett til verkstad for reparasjon.