Krabbefiskar sakna – stor redningsaksjon ved Måløy

Nyheter

Ein mann i 20-åra er sakna i området mellom Bremangerlandet og Måløy i Kinn i Vestland fylke.

Oppdatert: Klokka 22.50 vart det meldt at redningshelikopteret hadde gjort eit funn. Båten skal ha kantra ved Skorpeholmane. Vedkomande skal ifølge politiet framstå i god form og er tatt om bord i Kystvaktskipet. Det er ikkje behov for å legetilsyn. Det er uklart kva som har skjedd, opplyser Vest politidistrikt.

Det var rundt klokka 16.00 fredag mannen reiste ut på fjorden for å drage teiner. Han skal då ha vore åleine i ein 20 fots båt med påhengsmotor.

Det vart rigga til ein større redningsaksjon som involverte Kystvakt, redningsskøyte, redningshelikopter, mannskap frå Røde Kors og ein brannbåt med dykkarar, opplyser politiet.