Seks er koronasmitta i Volda:

Reknar med fleire smittetilfelle

– Det er forholdsvis mange som er blitt testa. Difor er vi spente. Vi reknar med at det kjem fleire smitta. Jobben vår blir difor å stoppe spreidninga.

Avstand: Hugs å halde avstand. Det er det viktige rådet Volda-ordførar Sølvi Dimmen (til venstre) og kommuneoverlege Inger Lise Kaldhol kjem med no.   Foto: Terje Engås

Nyheter

Det sa kommuneoverlege Inger Lise Kaldhol på ei pressekonferanse i Volda fredag ettermiddag.

Ho la til at dei har klart det både i Molde og Kristiansund, utan å stenge ned. Det er målet også i Volda.

Totalt er det no seks smitta i Volda.

– At vi stenger Folkestad skule skuldast at det er for få lærar til å halde skulen open, legg ho til.

Kommuneoverlegen fortel at så langt ser det på landsbasis ut til at det er lite smitte i barnehagar og skular. Og barn som blir smitta, blir stort sett smitta heime.

63 personar i karantene

Ordførar Sølvi Dimmen (Sp) kunne gje denne oppsummeringa fredag:

Sidan i går har det blitt sett ytterlegare 19 personar i karantene. I alt er det no 63 personar i karantene i Volda og Ørsta i samband med smittesporinga. Det er også avdekt nokre nærkontaktar i nabokommunar.

Dei fire personane som har testa positivt er alle nærkontaktar til dei to personane som fekk stadfesta covid-19 tysdag 27. oktober.

Resten av prøvene frå nærkontaktar frå smittesporinga så langt har vore negative, men det vil bli gjennomført fleire testar i dag og dei komande dagane.



Ålesund er kjelda

Ålesund kommune har tidlegare skrive dette på si heimeside:

«Ein person har fått påvist smitte etter at han var definert som nærkontakt i samband med det utbrotet i Volda denne veka. Vedkommande er i isolasjon og smittekartlegging pågår vidare.»

Kommuneoverlege Kaldhol i Volda har tidlegare gått ut med at smittekjelda har vore ukjend. Etter kartlegginga som har pågått dei siste dagane meiner ho det er grunn til å tru at smittekjelda kjem frå Ålesund.


Livestudio: Koronavirus

Livestudio: Koronavirus


Heimeskule

Fredag har Folkestad skule vore stengt, det same med Folkestad barnehage.

– Komande veke blir det heimeskule for elevane ved Folkestad skule. Fleire tilsette er per i dag sett i karantene, fordi dei er nærkontaktar. Ingen av elevane er i karantene, og for elevane gjeld difor nasjonale råd for sosial omgang, opplyser Volda kommune.

Folkestad barnehage held stengt til over helga i påvente av prøveresultat. Det er kontroll på nærkontaktane til dei tre andre som har fått stadfesta covid-19, ifølgje Volda kommune.

- Vi håper at alle følgjer dei nasjonale smitteråda nøye. Minimer nærkontakt med andre, og hald deg heime om du kan, oppmodar Sølvi Dimmen.