Marius (18) kom aldri heim

Sommardagen er varm då Marius Storborg skal på ferie. 18-åringen gler seg stort då han ropar «snakkast» til foreldra. Så forsvinn den blonde guten i den gamle Mercedesen sin.

Miste guten: Sorg og sakn er stort for ekteparet Stig Storborg (53) og Trine Strand Storborg (50) i Hovdebygda. Marius fylte heimen med liv. No er det stille, og dagane er vanskelege.  Foto: Roy-Arne Folkestad, Møre-Nytt

Nyheter

(Møre-Nytt): Dette skulle verte siste gongen foreldra ser yngsteguten. Marius var blant dei som kunne få alvorlege vrangførestillingar då han drakk sprit. Det kunne dukke opp bilde i hovudet hans som ikkje var sanne. Dette fekk fatale konsekvensar på slutten av ferieturen.