Etterlyser meir fleksibilitet for fødselspermisjon:

Meiner regelverk hindrar likestilling for kvinner til sjøs

Dagens fødselspermisjonsordningar er dårleg for likestilling av kvinner som jobbar til sjøs. Det meiner nautikar Ingeborg Andrea Sylte-Raanes.

Drøymejobb: På MS «Hydrograf» jobbar Ingeborg Andrea Sylte-Raanes med å samle inn og behandle djupnedata langs norskekysten. Ho synest ho har drøymejobben, men skulle ønske at fødselspermisjonsordninga var betre tilpassa kvinner i sjømannsyrke.  Foto: Privat

Nyheter

– Vi burde fått eit regelverk som gjorde at kvinner som jobbar i mannsdominerte yrke lettare kunne fordele permisjonen slik det passa best for oss. Då kunne vi vore mange fleire kvinner i slike yrke, seier Ingeborg Andrea-Sylte Raanes.