Domstolsreforma:

Fryktar Frp hestehandlar med tingretten

Ordførarane i Volda og Ørsta fryktar at tingrett og jordskifterett står i spel, når Frp forhandlar med regjeringa om budsjettet. No ber dei Frp vise musklar.

Frp-bøn: Volda-ordførar Sølvi Dimmen og Ørsta-ordførar Stein Aam, begge Sp, set si lit til at Frp no vil berge Søre Sunnmøre tingrett i Volda og jordskifteretten i i Ørsta.  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Nyheter

Dei to Sp-ordførarane Sølvi Dimmen i Volda og Stein Aam i Ørsta kjempar for å behalde Søre Sunnmøre tingrett og Sunnmøre jordskifterett som i dag.